Framsida
Linker

Infoskriv frå helsestasjonslege Torjusen

No er vinteren snart for døra, og med den kjem det meir sjukdom. Helsestasjonslege Trygve Torjusen har utarbeida eit skriv i samarbeid med legane i Kvinnherad kommune, og vedlagt vil de finna det de treng å veta om det meste.
 

Generelt veit ein at frisk luft og aktivitet er bra for helsa. I periodar når imunforsvaret er svekka, er det viktig å ta det med ro til den generelle helsetilstanden tilseier at barnet kan vera med på det som skjer igjen. Barnehagen tek ikkje imot barn som kun kan vera inne då me er ein barnehage som i hovudsak er ute. Me tilpassar oss sjølvsagt, men me kan ikkje halde heile barnehagen inne på grunn av eitt eller to barn.

Dersom foreldre har ynskjer om at barnet skal vera inne, må det basera seg på å vera heime. Eit sjukt barn krev i utgongspunktet ein vaksen ein heil dag.

Vonarleg vert det ein frisk og god vinter, med kjekke ungar med litt snørr i naso! 

 

God helsa!

 

Gro

 
 
sjuke_barn_i_barnehagen_1.PDF
 
 
  Tilbake

 
Handeland Friluftsbarnehage
Handeland
5452 Sandvoll
tlf: 53 47 44 50
styrar: 99 71 75 98
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS